23.01.11

1 turen i 2011

I dag var temperaturen +5grader og det var skodde heilt ned i fjæresteinane då eg vakna, men YR lova lettare veir frå Kl.12.00 så eg gjekk i Balja Kl. 10.30 for ein rask tur ut på Heggøya.
Skodda letta litt så eg såg frå nes til nes på veg utover.

Då eg såg bak meg så forsvant Stongfjorden sakte inn i skodda.

På veg utover passerte eg 4 Niser på veg innover, dei var nok ute etter silda som er kommen inn i fjorden.

På Heggøyna la eg ut høy til sauene og la på plass ei helle som var vekke på taket til fjøsen.
Og då eg var på veg tilbake til Balja kom Liv og Gisle, dei ville ut og møte våren. Og det var vår i lufta der ute i dag.
Prøvde fiske fleire plassar innatt i fjorden, men det var ikkje bein å få.
Alt i alt ein fin tur.

0 kommentarer: