24.04.11

MayIne på Øyatur

Påskafta fann vi ut at no var det på tide at MayIne skulle få sjå på smålamma som er kommen på Heggøya, så vi for utover i 10 tida etter å ha handla med middagsmat.
MayIne sovna i styrbord køya på veg utover.

Då vi kom ut var det ikkje folk der, men døra i kjellaren og vindauga på to av romma var opne så vi viste at det var folk på øyna.
Sauene såg vi ikkje, så dei var nok på andre sida av øya.
Vi starta på middagen og etter ei tid kom Gerd Roar og Merete som hadde vore på leit etter sauene og dei fann dei heilt sør på øya, og det var no kommen 6 lamm såg dei og ein sau var vekke så den var nok gått seg ein tur for å lambe som dei brukar.
Medan maten gjorde seg klar tok vi ein tur bort i hagen og tok bilde av MayIne og påskeliljene.


Etter middag vart det ein roleg tur tilbake til Stongfjorden.

0 kommentarer: